menu-bar All the categories

249,00 kr

Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene. Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik? Eller at den prostituerte Rahab berga livet ved å fire spionar ut av vindauget? Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner, og nokre sleipe og skruppelause. Jael tek livet av ein stolt krigar ved å køyre ein teltplugg gjennom tinningen hans. Ester reddar folket sitt ved å invitere kongen på fest. Sara ler av Gud då ho får vite at ho skal bli mor som nittiåring I alt finst det fleire hundre kvinner i Bøkenes Bok. Nokre har vi høyrt om før, som dronninga av Saba og jomfru Maria. Andre veit vi mindre om, som Jokebed og Hulda. Somme har endåtil fått den viktige rolla si tona ned. «Bibelens kvinner» er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram