Dikta i Bilydarfortel ei kjærleikshistorie som rommar fleire kjærleikar, fleire kroppar. Dei er merka på kvart sitt vis, og dei er i trefningar på mange slags plassar - like gjerne ei lauvhytte som ein benk som ein hardcorekonsert. Den gjensidige utforskinga som tek til når to menneske rører ved kvarandre, blir til eit stort landskap. Dei klangfulle og spørjande dikta til Marianne Clementine ligg tett opp til musikken. Dikta kommuniserer direkte og har uventa og originale metaforar ... Tonen er ofte humoristisk med sjølvironi og ordspel. Det gjer dikta lette å like. At temaet utfordrar oss, får oss til å dikte vidare, er eit anna teikn på kvalitet. Og sjølv om Clementine undervegs reflekterer rundt eigen skriveprosess, blir dikta aldri tørre og akademiske. Dei luktarikkje av papir, men av søt livsglede og vonde erfaringar, modig latter og sår hud TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID Marianne Clementine er fødd i 1987 og bur i Oslo. Diktsamlinga Bilydar er hennar første bok.