Hardingfelespelemannen Bjarne Herrefoss (1931–2002) frå Telemark sette solide spor etter seg, både som menneske og spelemann. For mange var han kanskje den fremste spelemannen i Norge i siste halvdel av 1900-talet. I denne boka skriv Stein Versto, Leiv Solberg og Per Anders Buen Garnås om Bjarne. Som vedlegg finn du to CD-ar med musikken hans. Den eine er dei legendariske Store Studio-opptaka frå 1990, den andre inneheld høgdepunkt frå ei lang karriere.