menu-bar All the categories

1099,00 kr

Det er CD med Daniel Sandèn-Warg f. 1977 og Hallvard T. Bjørgum f. 1956 på solo/akapella hardingfele, munnharpe og kveding (vokal folkemusikk/stev). Hovudreportuaret til Torleiv H. Bjørgum (1921-1990) i tre album, Taddeivs Minne 1, 2, 3. Produksjonen heiter Bjørgumspel Vol. IV - Taddeivs Minne 3. DVD filmen heiter Hybyggjen Taddeiv Haddvårson Kåsland - Huslyden Torleiv H. Bjørgum 1939 - 1989 - 50 år med folk og fylgje, m. bl.a. Gro Heddi Brokke (1910-1997), kveding og Hallvard T. Bjørgum sr. (1894-1978), munnharpe. Torleiv H. Bjørgum var æresmedlem i FolkOrg og Setesdal Spelemannslag, mottakar av Aust-Agder fylkes kulturpris og målprisen for Setesdal og Spellemannsprisen (post mortem for Skjoldmøyslaget i 1990). Spelemann og sylvsmed på Sylvartun i Setesdal Hallvard T. Bjørgum, son til Torleiv, har æresmedlemskap i FolkOrg og Setesdal Spelemannslag, mottakar av Aust-Agder fylkes kulturpris, Valle kommunes kulturpris, Spellemannprisen, Kongepokal og Landskappleikvinnar på hardingfele 6 gonger i yngste C-klasse og A-klasse (elite), samt B-klasse vanleg fele. Statsstipendiat frå 1991. Kulturarbeidar og spelemann på Sylvartun Folkekunst i Setesdal. Daniel Sandèn-Warg, folkemusikar, Folkelarmprisen og vinnar av Setesdalskappleiken i hardingfele, vanleg fele, munnharpe og kveding. Konservator på Agder Folkemusikk Arkiv på Rysstad i Setesdal, konserterande artist på landsplan, arrangør og multiinstrumentalist. Gitarist og svensk folkemusikar som bakgrunn, gruppa Harv. Gjesteartist: Torgeir Fonnlid f. 1943, resitasjon. Skodespelar, no pensjonist frå Det Norske Teateret i Oslo. Frå Vest-Telemark, Rauland, busett i Oslo.