menu-bar All the categories

250,00 kr 217,00 kr

Han vrengde sjela si Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytte til hans dramatiske og tragiske liv. Som journalist står han fram som ein sosialt engasjert skribent med kvasse åtak på urett og undertrykking, og ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet.Ingar Sletten Kolloen, forfattaren bak boksuksessen Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, har i dette utvalet henta fram avisartiklar, essay, noveller, petitar og andre døme på Tor Jonssons meisterlege skrivekunst. Spaltene i Dagbladet, Arbeiderbladet, Bygdeungdommen, Arbeidermagasinet og Kvinnen og Tiden stod vidopne for han, og han skreiv alltid mot den rådande meiningsstraumen. Politisk ukorrekt og i utakt med så vel dei urban-akademiske radikalarne på Blom, Grand eller Theatercafeen, som med nynorskintelligentsiaen på Kaffistova.Jonsson-biografen Kolloen har framfor kvart av prosastykka forklart bakgrunnen og samanhengen dei var skrivne i. I eit perspektivrikt forord får