menu-bar All the categories

249,00 kr

Ingar Sletten Kolloen, forfattaren bak boksuksessen Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, har i dette utvalet henta fram avisartiklar, essay, noveller, petitar og andre døme på Tor Jonssons meisterlege skrivekunst. Spaltene i Dagbladet, Arbeiderbladet, Bygdeungdommen, Arbeidermagasinet og Kvinnen og Tiden stod vidopne for han, og han skreiv alltid mot den rådande meiningsstraumen. Politisk ukorrekt og i utakt med så vel dei urban-akademiske radikalarane på Blom, Grand eller Theatercafeen, som med nynorskintelligensiaen på Kaffistova. Jonsson-biografen Kolloen har framfor kvart av prosastykka forklart bakgrunnen og samanhengen dei vart skrivne i. I eit perspektivrikt forord får han også fram kvifor mange av dei beiskaste stykka dessverre er høgst aktuelle også I våre dagar. For med Tor Jonsson er det slik at han både i dikt og prosa vrengde sjela si for at vi kunne sjå oss sjølve litt betre. Dei voldsomme spenningane i dikt og artiklar, er hos Tor Jonsson (1916-1951) knytt