menu-bar All the categories

329,00 kr 286,00 kr

Walid al-Kubaisi fortel i denne boka om Kubaisi-slektas vekst og fall, om oppveksten i Irak og korleis han vart tvinga på flukt og ikkje fekk sjå familien igjen på mange år. Kubaisi er ein oase vest i Irak. Der har slekta halde til sida byrjinga av 1800-talet. Oldefaren skapte eit velstyrt lite samfunn og seinare vart slekta ei av dei mest kjende i landet - det var ei ærefull tid. Al-Kubaisi skildrar møte med Saddam Hussain på ein kafé i 1978. Ein månad seinare vart mange av slektningane avretta - skulda for medverknad til militærkupp. I 1981 flyktar han frå den fælslege krigen mellom Iran og Irak der broren vart drepen. Flukta går til Syria der han havnar på koranskule. I Libanon vert han rekruttert til PLO og pressa til sjølvmordsangrep. Frå dette helvetet kjem han seg omsider til Noreg. Det skulle gå meir enn tjue år før han klarte å vitja dette området igjen. Blekk og blod er ein sterk historie om ein mann og ei slekt som vert offer for ein despot, ein religion og ein vond lagnad.