menu-bar All the categories

199,00 kr

Geir Kinsarvik veks opp i Oddas gamle industristrøk, med ein far som jobbar på Smelteverket og ei mor som vaskar arbeidarbrakkene. Ei hending i barndommen der han blir misbrukt og mobba av skulekameratane, får han til å bli besett av hemntankar. Han vil opp og fram i verda, han forlét Odda, klassebakgrunnen og tanken om solidaritet. I staden satsar han på høgare utdanning i Oslo. Her møter han Amalie, ei pen jente frå beste vestkant. Saman får dei ein son, men det er mørke krefter i Geir som får han til å gi sine næraste ei stor smerte. Blind er ein moderne klassikar, som skildrar tiåra frå 1960 til starten av 2000-talet, politisk og kulturelt. Det er ein innhaldsrik og kompleks roman om ein mann som får professoratet sitt, men som mister si sjel.