Etter ein aksjon mot ein farm som driv med pelsdyroppdrett, blir Kami kontakta av ein mann som viser seg å følgje svært godt med på alt ho gjer. Etter kvart blir situasjonen meir truande for Kami, og samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står at ho har blod på hendene. Dette er den fjerde boka om Kami og Bente.