Bokbussen SPENNING består av 20 nivådelte bøker og er utarbeidd for dei litt erfarne lesarane. Bøkene skal bidra til leselyst og tilpassa leseopplæring og kan brukast uavhengig av andre leseverk. Veleigna til individuell lesing, stasjonsarbeid og rettleia lesing. Bokbussen SPENNING skal gi elevane den stolte opplevinga av å lese bøker sjølv. Illustrasjonane stør opp under tekstane. Bøkene er delte inn i to nivå etter vanskelegheitsgrad og tekstmengd. Bokbussen SPENNING finst på bokmål og nynorsk. Bokbussen SPENNING gir leseopplæring og leseglede!