Bokbussen RAUD består av 30 nivådelte bøker og er utarbeidd for dei yngste lesarane. Bøkene skal bidra til leselyst og tilpassa leseopplæring og kan brukast uavhengig av andre leseverk. Veleigna til individuell lesing, stasjonsarbeid og rettleia lesing. Bokbussen RAUD skal gi elevane den stolte opplevinga av å lese bøker sjølv. Litterære og pedagogiske kvalitetar er vektlagde. Her finst morosame, engasjerande og spennande bøker med illustrasjonar som stør opp under tekstane. Bøkene er delte inn i to nivå etter vanskelegheitsgrad og tekstmengd. Bokbussen RAUD finst på bokmål og nynorsk. Bokbussen RAUD gir leseopplæring og leseglede!