Bortom allfarveg - SIGNERT ved nettbestilling sendt hjem
I braksuksessen og bestseljaren frå 2021 «Bortom allfarveg» tok den kjende reiseeksperten Gunnar Garfors oss med på ei eventyrleg oppdagingsferd i heile Noreg. I denne oppfølgjaren reiser vi til Vestlandet for å leite etter spennande og ukjende opplevingar i særklasse. Vestlandet er meir enn Bergen, Preikestolen og smale fjordar. Det kryr av spektakulær og urørt natur, vakker arkitektur, særeigne overnattingsstader og restaurantar som serverer mat og drikke i verdsklasse. Men sjølv vestlendingen har mykje å oppdage i eigen landsdel, for mykje av det Noregs kanskje mest reiseglade forfattar inviterer oss med på er ein godt bevart løyndom for dei fleste. Med «Bortom allfarveg: Vestlandet» er det mogleg å planlegge ein fullstendig vestlandsferie, anten du vil reise åleine, saman med familie og vener eller vil ta med kjærasten på ein romantisk getaway. Kva med hjortebrølsafari, overnatting i hengekøyer og eksklusive designhytter kombinert med sidersmaking ved Sognefjorden ein varm sommarkv