menu-bar All the categories

450,00 kr 391,00 kr

Brakakledning er ein flettverksteknikk med røter langt attende i tid. Bygningar kledde med brakje (einer) er med rette kalla Hordaland sine kvardagskatedralar. Dei har ein særprega kvalitet, anten dei er velhaldne eller nedslitne. Kledningsmåten finst nesten berre på Strilelandet, med Osterøy som sentrum, men høyrer til ein alderdommeleg byggjeskikk med mykje større utbreiing tidlegare. Korleis kan det ha seg at ein slik primitiv byggjeskikk er halden ved like i dag? I denne boka vert den særeigne kledningsmåten sett inn i ein historisk samanheng med vekt på utbreiing, bruk og på endringar over tid. Skiftande arbeidsmåtar, slik som me kjenner dei, fortel i sin tur om læring og tradisjonsformidling. Til slutt vert det drøfta kva som kan liggja som føringar i ein framtidig verneplan. Boka inneheld historiske og nye bilete av brakakledning, kart over utbreiing og register.