Eit kunstverk er godt, i den grad det oppstod av naudtvang. På kjelda det kom av, skal domen fellast: Det finst ingen annan. Difor, min vyrde ven, veit eg inga anna råd enn det å gå i deg sjølv og sokne djupnene livet spring fram av; ved kjelda der finst svar på om skape er noko du må. Kan eit ungt menneske satse på den djupaste lengten det har i seg? Droppe ein trygg karriere og å våge kunstens veg? I den unge kadetten Franz Xaver Kappus stod denne striden. Han søkte råd frå Rilke, som sjølv hadde militær erfaring. Svaret var, det kan berre du finne ut: Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? ... Du er så ung, og så godt eg berre formår vil eg be deg, ber over med alt som er uløyst i hjarta ... Her skriv òg Rilke dei berømte orda om parforholdet som ein kjærleik der to einsemder grensar, hegnar og helsar kvarandre. Korrespondansen som oppstod mellom dei - Brev til ein ung diktar - er sidan lesen og elska av unge som gamle - diktarar eller ei. Om RAINER MARIA RILKE