Alle CHERUB-agentar har ein bakgrunn. Dante Scott slit enno med mareritt om den gongen familien hans døydde. Dei blei brutalt drepne av ein motorsykkelgjeng. Dante får sjangsen til å bli med i CHERUB, få ei solid opplæring og bli ein profesjonell agent. CHERUB-agentane har ein stor fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Men då Dante blir med James og Laure Adams på eit oppdrag for å infiltrere motorsykkelklubben Brigands, er han klar til å bruke alt han har lært, for å hemne seg på dei som drap familien hans.