Bruene fra 1966, er Tarjei Vesaas' siste roman. Ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending. "Den silande vinden frå det fjerne, og den store gamle steinbrua over straumen. Der landevegen går. Brua mørk i muren, steinane bitne av tiders nedbør, sol og vind, høg og herskande i landskapet. Fjellsida på den eine kanten hindrar ikkje brua frå å synast og gjera seg gjeldande - modig bygd, i lange spenn. Ein straum som ser ut som stillvatn. Ei elv som er for djup og mektig til at rørslene viser seg - på denne flate dalbotnen. Ingen krusning av straum mot steinar. Svære vass-masser sig av stad her dag og natt, og ingen kjem det i hug dersom han ikkje blir mint om det. Det er eit glidande djup som dreg forbi utan kvile." Tarjei Vesaas' siste roman er ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending.