Markus Lantto kombinerer mytisk materiale, historiske personar, obskure vitskaplege fakta med det svært kvardagslege livet. Gjennom brev, kontaktannonsar, anekdotar, og observasjonar oppstår mange forteljingar og eit rikt persongalleri. Med ein sikker stil, eit skeivt blikk og ein slentrande tone, skriv Lantto om menneskets lengt og undring og forsøk på å finne sin plass i verda.