Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette ei litteraturform som sto høgt i kurs hos dei «nye» poetane i Roma. Men Vergils Gjetarsongar gjorde likevel den pastorale litteraturforma til ei nyskapande kraft i den romerske gullalderen. Gjennom dei ti utsøkte dikta i debutverket vever Vergil saman det greske og det romerske, det poetiske og det politiske, det gamle og det nye, det homoerotiske og det heteroseksuelle, det naturlege og det særs kunstferdige, til ein suksess som har halde seg gjennom meir enn to tusen år. Omsett frå latin av Matti Garnes Wiik.