menu-bar All the categories

388,00 kr

Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk?
Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter.
Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege.
Denne tredje utgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert. Det vert særleg lagt vekt på korleis elevar kan nytta eigen språkkompetanse for å utvikla eit metaspråkleg medvit som etter kvart kan koplast med grammatisk terminologi.
Boka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer.
Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og eit synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer.
Rolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, fonologi, morfologi, semantikk og kognitiv grammatikk. Theil har gjennom meir enn førtifem år skrive bøker og artiklar om språk og språktilhøve i Afrika, Asia og Europa - inkludert norsk, samisk, romani og romanes.
Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk.
Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk / norsk som andrespråk ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing), Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling. Ho var med i læreplangruppa for norsk i samband med Fagfornyinga 2020.