menu-bar All the categories

169,00 kr

Bli med inn i eit fargerikt og bråkete landskap, alle som har handla inn til tirsdagsmiddagen kjenner det berre så altfor godt, og samtidig - kanskje ikkje i det heile?I boka høyrer vi tre ulike stemmer fortelje historier om matvarer, menneske og liv i rørsle og stillstand. Ein butikkmann bur på ein stad alle drar frå, ei småbarnsmor drøymer om marknadskrefter og Adam Smith, og frå vindauget sitt ser ei eldre kvinne slaktebilen nærme seg.Dikta er lett tilgjengelege, slik varene i hyllene er det. Men pirk litt i overflata og spør deg sjølv: Når lytta du sist til musikken i butikken?«Helene Hovden Hareide fangar både bygdelarm og slektenes klang i din diktdebut. ... Butikksongar er ei ganske ambisiøs debutbok, kledd i upretensiøse, ledige kvardagslege klede. Den gir lovnad om litteratur som er lett å lese, men med vektige tankar å tenkje vidare på.» Eivind Myklebust, Klassekampen«... summande av liv og av lydar det kan vere verdt å lytte til.» Maria Horvei, Vårt Land«Klok debut som vever