menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

Mellomalderbyar blir ofte sett på som uoversiktlege og usystematiske i utforminga. Denne boka har som eit av sine mål å visa dessa byane er prega av stabilitet i utforminga like fram til moderne tid. Sidan midten av 1800-talet har den mellomalderske bystrukturen vore under press og til dels blitt øydelagt i dei fleste byar. Slike byar har likevel stadig fellestrekk som viser korleis dei blei til, i form av spor etter gate- og tomtemønster og ikkje minst i kyrkjestrukturen. I Norden var byar noko nytt i mellomalderen, og mellom desse er Bergen kanskje den byen med den rikaste forskingstradisjonen både innanfor arkeologi og historie. I denne boka blir den mellomalderske bystrukturen i Bergen tolka og samanlikna med byar som London, København, Lübeck, Trondheim, Oslo og fleire andre.