Bøyum, Steinar Etikk for lærarar (8252198147)
Må ein alltid fortelje sanninga til barn? Bør ein bruke mest tid på svake eller sterke elevar?
Dette er nokre av dei etiske utfordringane som blir drøfta i Etikk for lærarar. Forfattaren drøftar situasjonar ein lærar kan komme
ut for i skulen, og kva slags typiske etiske dilemma ein kan møte. Tema som blir behandla, er mellom anna privatliv og profesjonalitet, lojalitet og ytringsfridom og rettferd i vurdering og fordeling av tid. Etiske omgrep og teoriar blir forklarte og drøfta med utgangspunkt i eksempel frå skulekvardagen. Boka legg vekt på å veksle mellom praktiske casar og gjennomgang av teoretisk stoff. Innleiinga i boka er ein gjennomgang av relevante etiske omgrep for lærarprofesjonen, sentrale innfallsvinklar til å arbeide med etiske problemstillingar og ein gjennomgang av eit utval etiske teoriar.