menu-bar All the categories

379,00 kr 332,00 kr

Årsaker og konsekvensar. Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid og rom, og han trur ikkje på begynningar og sluttar, men prøver likevel å sirkle seg inn på omstenda som har ført fram til at Kornelius no snart skal ringe på døra hans. Refleksjonane hans må like fullt snart vike for dei harde realitetane som innhentar han i eit svært fysisk her og no.