Carolus Magnus fortel om ein mann og eit livskall. Den evnerike Carolus Magnus har heilt sidan barndomen blitt innprenta at han er esla til noko stort. Han kjem på skole i byen, studerer sidan teologi, og folk lar seg lett blende av talegåvene hans. Men ambisjonane hans er bygd på frasemakeri og stormannstankar, noko som viser seg da han skal realisere draumen om å skipe ein eigen skole for ungdom.