Dette skodespelet bygger på den store emigrasjonstrilogien til Alfred Hauge (Hundevakt, 1961, Landkjenning, 1964, Ankerfeste, 1965). Omarbeidinga til nynorsk for oppføring på Det Norske Teatret har forfattaren gjort i samarbeid med Asbjørn Toms. Skodespelet omfattar første del av trilogien som fortel om det som hende før reisa til Amerika i 1925, om korleis legdeguten Cleng Peerson blei far til utvandringa, og om den strabasiøse og stormfulle ferda over Atlanteren innan dei første utvandrarane kunne sette foten på amerikansk jord.