Coeur de Lion er eit rått og intenst langdikt skrive kort tid etter eit kjærleiksbrot. Teksten er enno varm av begjæret, men er samstundes lærd, skarp og intellektuell. Ariana Reines skriv beinhardt og generøst, legg ingenting imellom, verken for seg sjølv eller lesaren: Dette er ei bok som tilstår alt. Ho er både vond, brutal og morosam. Reines er oppteken av å forstå det som har skjedd, det som skjer, og ho gir stemme til både Ariana og Jake, mellom anna ved at Ariana har hacka seg inn på Jakes e-postkonto. Reines pustar med sitt moderne kjærleiksdikt nytt liv i sjangeren. Coeur de Lion kom ut i 2007 og har raskt blitt ein kultklassikar med stor innverknad på amerikansk samtidspoesi. Anna Kleiva har gjendikta teksten til norsk, og har også skrive eit etterord. Boka inneheld òg ein samtale mellom gjendiktaren og forfattaren.