menu-bar All the categories

289,00 kr 251,00 kr

Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flflytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. I utvalet til klassikarserien har vi samla seks noveller, skrivne mellom 1892 og 1899 i tida etter Tsjekhovs lange reise gjennom det svære russiske riket og til fangeøya Sakhalin. Denne reisa danna eit tydeleg skilje mellom den tidlege og seine forfattarskapen hans, og det er her realismen verkeleg trer fram i Tsjekhovs tekstar. I nokre år budde han på garden Melikhovo i Lopas