Dansen gjenom skuggeheimen
I sentrum av handlinga står Tørber Landsem. Fortida kastar skugger over hans og Mildriannas liv saman og utløyser sjalusi og vondskap. Ekteskapsproblema grip inn i dei fagpolitiske problema, som er eit dominerande tema i dette bandet. Det dreier seg om uro, fraksjonsstrid og leiarkrise. Når det gjeld dei nye ideane som vinn atterklang på arbeidsplassane, treng Tørber si tid. Han rosar seg av å vera den mest radikale av alle, men kan ikkje slutte seg til opposisjonen i fagrørsla like raskt som mange andre. Boka er i romanserien Dansen gjenom skuggeheimen.