menu-bar All the categories

159,00 kr

Basola Storbas er basen for laget i fjellskjeringa. Men han som ber dette flotte namnet, er lite imponerande, både som arbeidsleiar og som ektemann. Denne arme, aldrande slitaren må gå i stendig otte for å koma til kort som bas for arbeidsgjengen på jernbaneanlegget og som mann for den unge og vitale Andranna. Det er likevel kollektivet, sjølve arbeidslaget, som står i sentrum. Med dei nære og levande skildringane av arbeidet og kvardagen - og av dei menneskelege grunnkjenslene som kjem til syne - står denne boka i ei særstilling i syklusen Dansen gjenom skuggeheimen.