Tvillingar med uvanlege evner! Eg kan sjå ting andre ikkje ser. Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer. Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen. Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom - og inn i Bekkedalen. Boka er del av Grøss og gru - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.