Tvillingar med uvanlege evner. Eg kan sjå ting andre ikkje ser. Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer. Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen. Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom - og inn i Bekkedalen. Boka er del av Grøss og gru - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok. Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og var nominert til Brageprisen.