Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen - roman
Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Det blir verre enn venta. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og ho Rikka. Ingunn Røyset har skrive ein gripande barneroman der ei jente frå vår tid blir sendt på ei spennande tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945.