menu-bar All the categories

199,00 kr 174,00 kr

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Den store depresjonen var ei verdsomfattande krise, prega av massearbeidsløyse og djupe politiske og sosiale konflikter. Også for nordmenn var tjuge- og trettiåra harde, og spora har sete fast i familiar i generasjonar. Men konfliktane i denne tida la også mykje av grunnlaget for etterkrigstidas velferdsstat. I denne boka tek historikar Knut Kjeldstadli for seg korleis krisa starta i USA på slutten av 1920-talet, med kollaps på børsen og uår i jordbruket, og korleis den tøffe tida hadde ringverknader for arbeidsfolk, politikk og økonomi i Noreg. Som i dag var krisa også den gongen brensel for dei høgreradikale kreftane. Arbeidarleiaren Arthur Berby kommenterte i 1931 det store gapet mellom dei bemidla og dei arb