For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Vi har lett for å snakke om kriser som noko vi skal finne ein veg ut av, men som professor i mellomalderhistorie Hans Jacob Orning viser i denne boka, kan det vi i dag kallar krise også vere ein normaltilstand. Slik var det i den såkalla borgarkrigstida i Noreg. I tida frå 1130 til 1240, under høgmiddelalderen, var landet prega av ei rekke regionale feidar. Denne tida blir kalla for borgarkrigstida, og i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 blei borgarkrigane kalla «den store villfaringståka som størstedelen av dette landets folk har vore så harmeleg blinda av.» Dette perspektivet har sett sterkt preg på synet vårt på borgarkrigstida, heilt opp til i dag. Men som Orning viser, hadde kongsmakta og kyrkja sterk inte