På Sinai mottok Moses to steintavler med ti bod. Desse bodorda, Dekalogen, har kome til å spela ein sentral rolle innan både jøde- og kristendom, og har samstundes vorte ein del av kultur- og rettshistoria. For det finst ein viss parallellitet mellom Dekalogen og fundamentale moralske førestillingar uavhengig av religion. Behovet for heilaggjering, for vern om liv og eigedom, for sanning og truskap er ikkje spesifikt jødisk, kristent eller religiøst, men allmennmenneskeleg. Dei ti bodorda kan dermed fortelja oss noko om tilhøvet mellom rett og religion i nordisk og europeisk rettshistorie. Men Dekalogen har òg ein tidlaus og allmenn dimensjon og kan difor seia oss noko om grunnleggjande førestillingar som har vore med og regulert mellommenneskelege samkvem. Begge delar vert vist fram gjennom det rettshistoriske perspektivet som ligg til grunn for essaya i denne antologien. Meir enn noko anna er det mangfald som pregar den rolla Dekalogen har spela i retten opp gjennom historia. Det har