Ei god historie er nøkkelen til å kommunisere faget ditt slik at alle kan forstå deg. I denne boka deler den erfarne forskingsformidlaren Åsmund H. Eikenes sine mest sentrale virkemiddel for å fortelle gode historier om forsking, saman med ti effektive skriveråd for å mestre skriveprosessen frå start til slutt. I boka lærer du å fortelle gode historier ved å:- skape spenning - strukturere ein tekst- argumentere for ei sak - bruke allsidige skriveverktøy - skrive klart og tydelegGode historier gjer at lesaren får glede av kunnskapen du vil dele. Boka gir innsikt og erfaring som hjelper deg til å kommunisere faget ditt, både som student, forskar og formidlar.