menu-bar All the categories

679,00 kr 541,00 kr

Internasjonaliseringa av alle samfunnsområde har aktualisert spørsmålet om kultur. Retten er ikkje noko unnatak verken når det gjeld internasjonalisering eller når det gjeld ei aukande interesse for det kulturelle grunnlaget for gjeldande rett, metode og rettsforståing. Den norske rettskulturen er ei samansett eining og forma i møtet mellom rettsfilosofi og allmenn rettsforståing, mellom lov og sedvane, og mellom Høgsterettspraksis og allmenn praksis. Avhandlingane, artiklane og essaya i Den juridiske komedien reflekterer denne mangefasetterte skapingsprosessen gjennom å handsama tema som ein rettskultur sin karakter, rett som førestilling og iscenesetjing, internasjonaliseringa av retten, normskaping, metode, sekularisering, nasjonalisering og profesjonalisering. Slik kan antologien vonleg opna opp for nye perspektiv både på historia, på retten i samfunnet i dag, og på kultur. Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved