menu-bar All the categories

250,00 kr 217,00 kr

I to harde slag har bøndene i fjorden klart å slå tilbake angrepa frå dei inntrengjarfolka som kjem sjøvegen. Men alt før det andre slaget har det kome bod om at nye inntrengjarar er komne over austfjella og ned til fjordbotnen, der dei har teke to gardar og drepe gardsfolket. Den unge Rein Lodinsson og dei andre bøndene møtest på tinget og bestemmer seg for å prøve å drive ut inntrengjarane. Men dei har mektige motstandarar, og forstår etter kvart at dei også har ein fiende blant sine eigne, ein svikar.Dette er den tredje romanen om Rein Lodinsson, den unge høvdingen frå norsk folkevandringstid I 1999 kom Det syngjande sverdet og året etter oppfølgjaren Vargvinter.