Den moglege sjølvoverskridinga
Denne artikkelsamlinga freistar å problematisere den ferdigheitstenkinga som langt på veg pregar norskfaget i skulen dag. Forfattarane utforskar danningsomgrepet, og framhevar at nettopp dette kan vere med på å danne ei motvekt mot for mykje målstyring og instrumentalisme i skulekvardagen. Artiklane tek for seg emne som bruk av tekstar frå norrøn tid og korleis det framande kan ha i seg eit stort fagdidaktisk potensiale, korleis disiplinen talemål kan fungere som fagdidaktisk kategori og danningsfenomen, kva som skjer i møtet mellom multimodale og litterære tekstar, korleis rammene er for val av litteratur i klasserommet og danningsomgrepet si historie i norskfaget. Sjølvoverskridinga utgjer ei overbygning for dei ulike bidraga, og eit kritisk blikk på fenomenet danning går som ein raud tråd gjennom heile artikkelsamlinga. Forfattarane har som ambisjon å teoretisere over og tenkje prinsipielt på norsk fagdidaktikk, og opningsartikkelen drøftar spesielt nokre viktige retningslinjer for