Det står strid om den norske bygda, korleis den skal bli oppfatta og korleis den skal utvikle seg. Denne kampen om bygdenes sjel spelar seg ut på ei rekkje felt; i økonomien, i politikken, i kulturlivet og i media. I denne boka presenterer 23 samfunnsvitarar sine analyser av nokon av dei mest sentrale utfordringane som dei norske bygdesamfunna står framfor. Bidraga spenner over eit vidt felt, med utgangspunkt i tre tematiske innfallsvinklar: Endringar i bygdenes næringsliv, bygda sett frå ulike livsstils- og identitetsperspektiv, og dei kjønna aspekta knytt til dagens norske bygdesamfunn. Til saman gir artiklane ein oppdatert situasjonsrapport frå den nye norske bygda, empirisk så vel som teoretisk. Boka vil informere mange om ny kunnskap, og vere eit oppspel til debatt og nye analysar.