Mellom 2011 og 2014 drog PJ Harvey og Seamus Murphy ut på ei rekkje reiser til Kosovo, Afghanistan og Washington, D.C. Murphy hadde omfattande erfaring med å fotografere konflikt og kvardagsliv i Kosovo og Afghanistan. Harvey hadde lenge vore fascinert av begge land. Washington, D.C. representerte den absolutte verdsmakta, men hadde også utfordringar på heimebane. Med eit felles mål og med stor appetitt samla Harvey ord og Murphy bilete. Den opne handa er PJ Harveys første poesiutgiving og er eit unikt samarbeid med Seamus Murphy der dei kombinerer fotografi han har arbeidd med i over to tiår, med stoff som blei skapt på reisene. Dette er ei fengslande samanfletting av to kunstnarstemmer. Gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972) og Gunnhild Øyehaug (f. 1975).