Den raude veggen er blodfan og fotballprofet Jeremias sitt vitnesbyrd om Branns fyrste gullsesong sidan 1963. Frå runde til runde, heilt frå han vaknar opp på Rygge Brannstasjon i april til han sovnar inn mett av feiring og fest i november, får vi eit innblikk i kva det vil seie å følgje eit lag i dagens klubbfotball (med Maradona som reiseleiar). Den raude veggen er bind to i Brann-trilogien.