Dristige og hudlause dikt «5480 dagar av livet mitt forsvinn aldri». Dagane det er snakk om, er dei dagane kroppen til dikt-eget var i kamp med seg sjølv, dei dagane spiseforstyrringa styrte tilværet hennar. Dristig og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi; det skambelagde. Men Der vi gøymer løyndommar er meir enn ei sjukdomshistorie. Det er dikt som med stor poetisk kraft og myndigheit tematiserer konfliktar mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Det handlar om kroppen som språk, som kommunikasjon. Det handlar om å arbeide, i ein prosess, til skamma og frykta for å stole på seg sjølv og andre vert mindre. Heilt til dei 5480 dagane er fortid, sjølv om dei aldri forsvinn.