Det blomstra så sinnssjukt
Her er dikt om kjærleik, svik, tru og tvil. Mange handlar om par, også om kjærleiken mellom eldre. Som før hos Ødegård finn vi dikt om psykisk sjukdom, og i nokre dikt ligg det eit engasjement for ufødde borns rett til liv uansett genetiske feil. Ødegårds nye dikt er som mini-romanar, med sterke, realistiske bilete - og ofte i ein balansegang mellom det vulgære og det opphøgde.