menu-bar All the categories

199,00 kr

Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat. Samstundes tek dikta opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Det handlar om å miste foreldra sine i ung alder, om ein far som slo, om prostitusjon, om Danmarks institusjonar og politiske oppløysing. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og vekslar suverent mellom glede, desperasjon, ømheit, indignasjon, humor og raseri. Frå dansk ved Anna Kleiva. Asta Olivia Nordenhof (f. 1984) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Hennar andre bok, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei Nordenhof tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris.