Dette diktverket overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat, men tek samstundes opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Brutalt, direkte og med ein stor sans for poetisk timing skildrar Asta Olivia Nordenhof episodar frå kvardagen i notida og frå ein vanskeleg oppvekst. Med ein gjennomført tone vekslar ho mellom glede, humor, desperasjon, ømheit, råskap og indignasjon. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og synleggjer maktstrukturar og handlingar i eit samfunn det er risikabelt å hamne utanfor.Denne samlinga viser eit levd liv i komprimert form, som taler klart og insisterande til oss alle. Boka er gjendikta av Anna Kleiva.