Det er berre eit spørsmål om tid
Dialog har alltid vore eit sentralt motiv hos Eldrid Lunden. I Det er berre eit spørsmål om tid møter vi ei rekke samtalepartnarar, frå neolittiske relieff og Seneca d.y. til eit knippe forfattarar i nyare tid. Tekstane kombinerer uventa synsvinkel med intenst nærvær på ein måte som er typisk for dette forfattarskapet - kanskje klårare og meir effektivt enn nokon gong tidlegare.