Boka er eit utval tidlege dikt av forfattaren, der utgangspunktet er heimstad og barndom, det nære og det forgjengelege, det prøvde og det forløysande, det bundne og det overskridande. Eit viktig trekk ved boka er at naturen gir tolking av menneskeleg erfaring. Magisk natur er stikkordet forfattaren Oskar Stein Bjørlykke gir som nøkkel til dikta i eit innleiande essay.