Ved hundreårsskiftet lever Bjørnson og Karoline vekselvis i Roma, i Schwaz i Østerrike og på Aulestad. Diktaren vender samfunnsengasjementet sitt ut mot verda. Han skriv artiklar mot antisemittismen i Frankrike, tar opp den språklege undertrykkinga av østeuropeiske minoritetar og held foredrag for fredens sak. Diktaren er stadig omstridd, men haustar også stor anerkjenning, det viser feiringa av 70-årsdagen i 1903 og ikkje minst tildelinga av Nobelprisen hausten 1903.Bjørnson, som i meir enn førti år har kjempa for norsk likestilling i unionen eller oppløysing av sambandet med Sverige, kjem på kant med deileiande kreftene i Venstre og står på sidelinja da unionen bryt saman i 1905. Men da brotet er eit faktum, skriv han kraftfulle artiklar i utanlandske aviser og forsvarer Norges avgjerd. Den livslange litterære innsatsen hans tonar ut med den store romanen Mary i 1906 og det siste teaterstykket, Når den ny vin blomstrer, i1908. Alvorleg sjukdom pregar avslutninga av livet hans. Det er