menu-bar All the categories

129,00 kr

Dette er den andre boka om Anna og Kaspar. Denne gongen er Anna på haustferie i Frankrike. Saman med hunden sin Kaspar, mor og far, bur ho i eit lite hus i ein borgby ved Middelhavet. I byen ligg eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då plutseleg tjuverialarmen går - og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit mysterium. Samtidig blir Anna kjent med Namira og broren hennar Kasim som bur i eit gammalt murhus i borgbyen. Far deira pussar opp, og inni ein nedriven murvegg finn dei eit fleire hundre år gammalt dokument. Dette mystiske dokumentet fører dei på leiting etter ein gammal løyndom. I boka følgjer vi også dokumentet bakover i tida, til den franske revolusjonen, der vi treff Bastien, og får vite kvifor dokumentet er gøymt i murveggen. Anna, Kaspar og venene deira bestemmer seg for å finne ut av begge mysteria, men det skal vise seg at det blir både farleg og utfordrande.